Anders Totland

Anders Totland (1986) debuterte hausten 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. Boka er gjeven ut på Kapabel Forlag, og er illustrert av Nina Flatnes Bratbak.

Våren 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen på Gyldendal Norsk Forlag. Boka hausta svært gode kritikkar, og er også omsett til dansk.
For denne fekk Tototland Nynorsk barnelitteraturpris 2016: «Idag er eg hoppande glad. Grunnen? Eg har vunne min første pris som forfattar.  Og det er ikkje kva som helst pris eg har fått. Nynorsk Barnelitteraturpris har tidlegare blitt vunne av fantastiske forfattarar som Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Hans Sande, Maria Parr, Erna Osland, Arnfinn Kolerud, Anna Rommetveit Folkestad og Marit Kaldhol – berre for å nemna nokon.
For eit selskap å vera i!
Og ikkje minst er det ei fantastisk oppmuntring å få, når eg i desse dagar byrjar å skriva på det som vonleg blir den tredje ungdomsromanen min. Den andre – Så lenge ingen ser oss – er snart på veg i trykken, og kjem ut i haust. Det gjer også kokeboka Digg, som eg har laga saman med Marius Knutsen. Det er altså mykje å gle seg over om dagen.»  

I tillegg har han bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kom ut på Skald forlag hausten 2016. Det er den femte og siste boka i serien av nye, nynorske forteljingar for born, som er gjennomillustrert av Gunvor Rasmussen.

Hausten 2017 er Totland aktuell med si andre ungdomsbok på Gyldendal, og debuterer på same tid som kokebokforfattar med boka Digg, som kjem ut på Skald.

Totland er utdanna kokk, vikarierer som organist og jobbar til dagleg som journalist i lokalavisa Sunnhordland. Elles skriv han om matauk på bloggen Frå hage til mage, og held med ujamne

Meir om Anders:  https://totlanders.wordpress.com/