KJELL INGE TORGERSEN

Kjell Inge Torgersen har hatt tre kritikarroste album. Dette nye soundet utarbeider han saman med dal’hansen – Ruben Dalen og Stian S. Hansen – ein produsentduo som skapar gromlyd

I september 2017 kom eit heilt album som resultat av dette samarbeidet – Mudderlys. Her er låtar som er skrivne av Kit og vener – og inneheld óg to tekstar av lyrikar André Bjerke. Kit framfører alle songar på sin stavangerdialekt, inkludert Bjerkes to tekstar, og er takksam overfor etterkommarane til Bjerke som har gitt han lov til å skrive nye melodiar til desse sterke dikta.

Trommeslagar og produsent Ruben Dalen har jobba med LidoLido, Adam Douglas, Ole Børud, The Loch Ness Mouse og ei rekkje andre artistar. Saman med Kjell Inge har han laga filmmusikk og fleire andre prosjekt.

Bassist og produsent Stian S. Hansen er sessionmusikar med melodisk teft og har reist mykje med artistar som Gabrielle, Marion Ravn, Carola, Samuel Ljungblad og Ole Børud.

 

Les mer om Kjell Inge på: http://kjellingetorgersen.no/